Helgøy Glimt vart levert frå Brødrene Aa i Juli 2015 og er ein hurtigbåt som vert brukt som rute/Charterbåt.
Båten er på fast kontrakt med Kolumbus, men er óg ledig for andre oppdrag utanom rutetidene. Det er lagt stor vekt på komfort for passasjerane om bord, med behagelege stolar og smakfull innredning samt lågt støynivå. Båten er universelt utforma. Han har óg høve for baugtillegg.
Det er 7 stk. LCD skjermar i salongen med høve for videooverføring, samt trådløs mikrofon. Båten eignar seg godt for kurs og konferanse.
M/S Helgøy Glimt
97 Passasjerar
Type: Rutegående fartøy/ Charter
Fartsområde 4
Kallesignal: LCCK
Byggeår/stad: 2015, Brødrene Aa, Hyen
Passasjertal: 97 passasjerer + Crew
Marsj/max fart: 25/29 knop
Materiale: Karbon
Lengde: 21,0 meter
Bredde: 7,80 meter
Dybde i riss 2,50 meter
Brutto tonnasje: 97 T
Netto tonnasje: 41 T
Maskineri: 2 x 700 bhp, Volvo Penta D13
Nav. Utstyr: 2 stk. Simrad Radarer X og S band, GPS/komp, 2 x ECDIS Simrad E5024, Ekkolodd, AIS, osv.