Skipsførar, motorpassar og matros
Helgøy Skyssbåt er eit familiedrive skyssbåtfirma med mindre hurtigbåtar. Vi har i dag 10 båtar i størrelse fra 12 passasjerer og opp til 147. Vi held til på Helgøy i Ryfylke. Helgøy Skyssbåt tilbyr båtskyss, vakttjenester og sightseeingturar.
Nå søkjer vi etter skipsførar, motorpassar og matros i faste 100 % stillingar. Fortrinnsvis med erfaring frå hurtigbåt/passasjerbåt. Hos oss vil du få brei erfaring med fleire fartøy. Arbeidsoppgåvene vil variera frå rutetrafikk i rute for Kolumbus, til charteroppdrag skreddersydde for kunden og turistturar på Lysefjorden.
Vi søkjer etter kandidatar som er god på samarbeid og som er løysingsorienterte, og som vil vera med å stå på når det trengs. Du innehar gode haldningar, er ansvarsbevisst og pålitelig. Det er viktig at du har gode kommunikasjonsevner, er interessert faglig så vel som menneskeleg, og ser verdien av å ha en god dialog med både kolleger og passasjerar om bord og på land.
Helgøy Skyssbåt tilbyr gode ordningar og variert kvardag med ulike arbeidsoppgåver:
• Gode arbeidsvilkår
• Fast stilling
• Lønn etter tariff
• Skiftordning med rotasjon 2:3
Personlige eigenskapar:
• Gode samarbeidsevner
• Godt humør og «stå på vilje»
Kvalifikasjonar:
• D4 navigatørsertifikat (skipsførar)
• Sikkerhetskurs
• Oppgraderte sertifikater i henhold til STCW-konvensjonen av 1978.
• Kurs i krise- og passasjerhandtering
• Gyldig helseattest
• Hurtigbåtkvalifikasjoner.
Arbeidstidsordning:
• Skiftordning med rotasjon 2:3
• Avløsningsted er Helgøy
Vi legg stor vekt på at våre kunder skal få ei unik oppleving når dei reiser med våre båtar. For at dei skal få det er det viktig at alle som er om bord har dei nødvendige faglege og personlege eigenskapane som må til. Du vil verta ein del av eit team som er svært fleksible, og som strekkjer seg langt for at passasjerane skal få nyta Ryfylke – frå fjorden.
Vil du bli ein av oss? Send oss ein søknad med ein kortfatta CV, så tek vi kontakt.
Kontakt Trond Helgøy på e-post; trond@helgoy.no, eller telefon 908 27 474.