Skip to content

Helgøy Skyssbåt er eit familiedrive skyssbåtfirma med hurtiggåande båtar fra 6 til 147 passasjerar. Båtane er moderne og har fine salongar som gir god utsikt.

Me legg vekt på at passasjerane våre skal få ein minnerik tur med oss. Me gler oss til kvar tur, og ser fram til å ynskja deg og dine velkommen om bord til oss.

Me held til på Helgøy i Hjelmeland kommune og kan tilby båtskyss, vakttjenestar, mannskapsskifte og sightseeingturar mm. Det er bare å ta kontakt så skreddersyr me turen slik du vil ha den.

Helgøy Skyssbåt

Historia

Jon Arne Helgøy starta med passasjertrafikk i 1982 med trebåten «Helgøy». Det starta som skuleskyss over sundet mellom Grønvik og Helgøy. Drifta er bygd opp sakte men sikkert, og blei etterkvart til selskapet Helgøy Skyssbåt AS som blei stifta i 2001. Selskapet er eigt og driven av familien Helgøy.

Nå er vi 12 ansatte i selskapet, og seglar over 100.000 nautiske mil kvart år. Det tilsvarar 4,5 gong rundt ekvator.

Helgøyvegen 9

Hausten 2018 flytta me inn i nye lokaler i Helgøyvegen 9. Her har vi hovedkontor og hovedbase. I dei nye lokala har me kontor, lager og verkstad. I havna ligg båtane våre, klare for oppdrag.

IMG_45201
IMG_45241
44987450_2189635151069515_1810322543395995648_n
44901092_2189635104402853_725392918000435200_n
45050158_2189634961069534_268187224070160384_n
Back To Top