Det har gått mange brudefølgjer over fjordane i Ryfylke. Og vi veit ikkje noko vakrare enn å skyssa brudeparet med gjester, anten det er til kyrkja, til festen eller heim frå festen. Sjølv om det ikkje er båtturen som er viktigast ein slik dag, skal vi gjera vårt for at dagen blir minnerik. Vi gler oss til å rulla ut den raude løparen for brura og brudgomen, og alle gjestene.