Kvart år seglar vi over 100.000 nautiske mil gjennom Ryfylke sin skjærgard. Vi er kjent i kvar ein krok, og tek gjerne deg og dine med på ein tur inn i Ryfylke sin skjærgård, Lysefjorden sin ville natur eller Jøsenfjorden sin majestetiske prakt.
Kanskje har du sjølv eit ønskje om å sjå ein bestemt stad frå sjøen? Vi skreddarsyr turen ilag med deg slik at den blir akkurat slik du hadde tenkt deg. Vi gler oss til å reise på tur med Dykk.